Posts Tagged 'Kulturpolitikk'

FolkOrg i kulturpolitisk utakt?

Foto: Eivind Kaasin

Det er en sterk korporativ tradisjon i norsk kulturpolitikk: kunstnariske medlems- og interesseorganisasjonar er viktige aktørar for kulturpolitisk utvikling. Kva skjer med den kulturpolitiske gjennomslagskrafta når fleire organisasjonar blir til ein? I folkelarmet rundt etableringa av ein organisasjon på folkemusikkområdet, kan det synest som om kulturpolitiske spørsmål har hamna utanfor dagsorden.
Det brennande kulturpolitiske engasjementet særleg Norsk Folkemusikk- og Danselag og Jan Lothe Eriksen sto for har dabba av. Medan norske folkemusikarar og ikkje minst folke-dansarar er godt synelege i samtida, har den nye organisasjonen glimra med sitt fråver; Kulturpolitisk nærast usyneleg har den blitt, noko som reiser eit kritisk spørsmål: Er fokuset på kulturpolitisk arbeid svekka i høve skipinga av FolkOrg?
Forholdsvis store endringar har prega det norske folkemusikkområdet dei seinaste åra. Mange er av musikalsk karakter: T.d. kva instrument ein likar å spele norsk folkemusikk på, kva repertoar ein nyttar eller at ein i større grad spelar saman (før spelte ein jo som kjent solo). Kven ein ynskjer å spele for har òg endra seg. Andre endringar er av kulturpolitisk karakter. Nokre døme på det er: Folkemusikken sitt inntog i kulturskulane og utdan-ningssystemet generelt; Folkemusikken sin plass i Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken; Framveksten av ei rad folkemusikkfestivalar (inkl. ein knutepunktfestival); Deltakinga i Samstemt og dermed innplassering i ”det rytmiske feltet”; Innpass for medlemmer med folkemusikkbakgrunn eller -kunnskap i sentrale tildelingskomitear og utval (t.d. Kulturrådet, FFUK, UD si delegerte reisestøtteordning, Komp m. fl.); Etableringa av ein nasjonalarena, Riksscena. osv. osv. Den største og kanskje viktigaste kulturpolitiske endringa er likevel oppløysinga av Landslaget for spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danse-lag (NFD) og etableringa av ein, samla organisasjon, med (det lett naivistiske) namnet Folkemusikkorganisasjonen (FolkOrg).
Ein skulle tru at denne konsolideringa gjennom ein organisasjon på folkemusikkområdet ville føre til større tyngde i sentrale og regionale offentlege kulturpolitiske prosessar. Når så ikkje synest å ha skjedd, kan det ha fleire årsaker. Det mest nærliggjande er at det kulturpolitiske arbeidet har blitt prioritert ned til fordel for arbeidet med å etablere og konsolidere den nye organisasjonen. Særleg sterk har satsinga vore på arenautvikling og aktivitet ute i region- og lokallaga, artistservice og arbeid mot media. Ein har prioritert Landskappleiken, Landsfestivalen og Folkelarm. Ein har arbeidd aktivt med å styrke den profesjonelle aktiviteten både heime og i utlandet og ein har oppdaterte, nyhendebaserte nettsider. Tydelegast kjem prioriteringa til syne gjennom korleis dei administrative resursane i Folk Org er disponert: her er dedikerte medarbeidarar til lokallagsutvikling, informa-sjonsarbeid, utøvarutvikling (hovudsakleg Folkelarm) og arrangørutvikling. Felles for alle er at dei er aktive på eit operativt nivå. Dei skaper aktivitet. Arbeid av strategisk karakter er plassert hjå dagleg leiar og styret. Det er for så vidt som det skal vere, problemet er viss også desse i for stor grad tenkjer operativt. Då blir arbeidet utan politiske visjonar. Har satsinga på ein kulturpolitisk strategi måtte gje tapt i kampen mot dei andre satsingane, meir egna til å ”samle” folkemusikk-Noreg i ein organisasjon?
Som nemnt innleiingsvis har Folkemusikkorganisasjonen heilt sidan starten delteke i Samstemt – nettverket av aktørar frå det rytmiske feltet på musikkområdet (populærmusikk, jazz og altså folkemusikk). Kanskje er det her ein rekna med dei kulturpolitiske gjennombrota skulle komme? Rett nok fekk samarbeidet i Samstemt stor innflytelse på den raud-grøne regjeringa sitt arbeid med musikk i Kulturløftet 1og 2, men utan at folkemusikkområdet fekk noko banebrytande gjennomslag; Folkemusikken får framleis budsjettmessige vekslepengar og det er tvilsamt om ein gjennom dette er organisasjonsmessig eller institusjonelt styrka. Riksscena i Oslo er vel, får me håpe, knesett gjennom å vere syneleg i dei to siste statsbudsjetta, men dessverre er det driftsutgiftene som utgjer så godt som heile det løftet. Kan hende har den kollektive satsinga på Samstemt (som på overordna plan ser vellukka ut) på sett og vis viska ut ei eigen, spissa strategisk satsing for å etablere FolkOrg med tyngde både i Kulturdepartementet, Stortinget og Kulturrådet sine kontor. I denne samanhengen kan ein t.d. nemne at Førdefestivalen har hatt langt betre gjennomslagskraft, leia av den kulturpolitisk aktive og høgrøsta Hilde Bjørkum. Det kan slik synest som om kontakten mellom regjeringskontora og Førdehuset er vel så god som mellom statsråd og -sekretærar og FolkOrg-kontoret på Grünerløkka. Nå er dette kanskje ikkje unikt for folkemusikkområdet; ein kan vel diskutere om ikkje både jazzfestivalen i Molde og Øya-festivalen har vel så mykje makt og innflytelse som Norsk Jazzforum og Norsk Rockfor-bund, både i kraft av økonomiske, faglege og kulturpolitiske resursar. Spriket mellom den sentrale organisasjonen og knutepunktfestivalen si tyngde og breidde er likevel større på folkemusikkområdet enn dei to andre.
Det er mykje som taler for at det er behov for å meisle ut ein kulturpolitisk agenda for den nye samla folkemusikkorganisasjonen på musikkområdet. Særleg bør det vere tid for å komplettere indirekte kulturpolitisk arbeid, t.d. satsinga gjennom Samstemt, med direkte, kontinuerleg og strategisk arbeidet med kulturpolitikk. Dette er aktuelt i ei rad viktige saker i tida framover, ikkje berre i arbeid med styrka budsjettpostar til folkemusikk. Kanskje særleg viktig er å ta stilling til UNESCO sitt arbeid med immateriell kulturarv; Kva skal norsk folkemusikk vere? Eit objekt for vern, eit dynamisk kulturuttrykk utan behov for særordningar av einkvan slag eller ein kombinasjon av dei to? Kva utslag vil i så fall ulike modellar få for kva ansvar det offentlege har for kulturuttrykket? Det byrjar bli lenge sidan Arnestadutgreiinga om folkemusikk og -dans i det seinmoderne Noreg. Mykje krefter har blitt nytta på å reorganisere og evaluere organisasjons- og arrangementsmessige sider av FolkOrg si drift. Er det no tid for ein ny, brei kulturpolitisk gjennomgang av kor folkemusikk- og folkedansfeltet står? Skal FolkOrg kome kulturpolitisk à jour, kan det vere verdt å argumentere for nettopp det.

OKB
Innlegget er tidl. publisert i Folkemusikkbladet.

Reklamer