Archive for the 'kulturpolitikk.no' Category

Kunst som drep. Ein kulturpolitisk kommentar til karikaturteikningar.

Karikatur

Karikatur: Carlos Latuff

I fleire karikaturteikningar publisert i etterkant av drapa i Charlie Hebdo sine redaksjonslokale i Paris, i seg sjølv sterke uttrykk for mange teiknekunstnarar sine beiske men rørande tilsvar på udåden, ser ein korleis kulene frå terroristane og drapsmennene sine våpen rikosjetterer og treffer muslimar eller muslimske symbol generelt. Teikningane uttrykker slik at offer for attentatet, i like stor grad som dei tilsette i Charlie Hebdo, er islam sjølv, og at handlinga slik har fått ei rad indirekte og muligvis utilsikta verknadar. Fleire kommentatorar har peikt på at desse effektane dessutan særleg råkar moderate, konstruktive krefter, medan ekstreme, destruktive krefter snarare vinn på hendinga.

Men karikaturteikningar er jo ikkje berre politiske, dei er også kunst. Debatten rundt dei er difor også ein kulturpolitisk debatt. Den er mellom anna ein debatt om i kva grad ein skal kjempe for at kunsten skal vere ein arena, ikkje berre for kritikk, men også for refleksjon og innsikt. Kunsten kan som kjent vere uttrykk for begge, samstundes jamvel på same tid og utan å vere innbyrdes samd med seg sjølv. Bør ein framleis tru på kunsten som ein relevant arena for kompleks kritikk og refleksjon? Karikatur: Carlos Latuff

Kulturpolitisk har ideen om kunsten si rolle som ein moderat, relativt nøytral arena for konstruktiv samfunnsanalyse og -kritikk, og kunstnaren sin rolle som kommentator, lenge stått sterkt, mange stader i verda. Hoffnarren si rolle ved Europeiske kongehus, som den einaste med ein legitim rett til å moderere og justere på den eineveldige kongen sine (ukloke) avgjersler, er kanskje historisk og statsvitskapleg unøyaktig, men lever godt som kulturell myte og heldt dermed stor symbolsk kraft som metafor for kunsten si rolle som ein på same tid ufarleg og farleg samfunnsaktør. Denne mellomrolla, korkje fugl eller fisk, gav immunitet mot kongens vreide, jamvel om harselasen skulle bli for krass. Det er i denne tradisjonen ein kan sjå Charlie Hebdo. Og, ein særs urovekkjande konsekvens av attentatet mot dei, er at denne immuniteten er borte, med tragisk resultat. Sjølvsagt har dette skjedd før og det vil skje igjen. Dessutan er politiske og religiøse fundamentalistar si avvising av kunst og kultur sin djupe humanistiske verdi noko av det som gjer dei ikkje berre særs trugande på oss, men som dessutan gjer handlingane uforståelege for oss. Terrorbomber mot politiske mål kan ein forstå, om enn ikkje forsvare, men å sprenge tusenårige uerstattelege religiøse kulturminner frå ein annan religion enn din eigen, står fram som heilt uforståeleg. Dette er sikkert tilsikta. Kunst og kultur er difor ikkje ei frisone, sjølv om ein gjerne ynskjer det.

Kunst som siviliserande prosjekt får på same måte, bokstaveleg talt, eit skot for baugen med denne og likande handlingar. Me likar å tru at det å lese, sjå eller høyre klassikarane frå kunsten gjer oss menneske opplyste, forståingsfulle og gode. Også dette er det Charlie Hebdo byggjer på, sjølv om dei samstundes er provoserande for mange. Også Ibsen provoserte mange i si samtid, likeins Rumi[1] eller Edward Said. Denne ideen om kunsten som siviliserande kraft, i likskap med vitskap og utdanning, må ein ikkje misse av syne, sjølv om blind tru på kunsten som grunnleggjande og tverrkulturelt god av og til treng å realitetsorienterast. I norsk kulturpolitikk, ikkje minst i norsk utanriks kulturpolitikk, står ideen om kunsten som ein relevant arena for fredeleg mellommenneskeleg forståing og interaksjon og likeins på kunstnaren si rolle som effektive symbolske diplomatar sterkt. Terrordåden i Paris 7. januar gir vatten på mølla til alle med eit kynisk syn på kor effektivt eit slikt syn og politikk er, i møte med totalitære og kulturfiendtlege krefter. Angrepet er slik eit angrep både mot kunsten og kunstnarar og mot all tru på informert, gjennomtenkt og moderat respons. Det kontante og hjerteskjerande svaret karikaturteiknarane sjølv har gitt på dette siste terrorangrepet kan stå som eit symbol nettopp på den krafta som ligg i kunsten til både å provosere og reflektere – samstundes.

OKB

[1] http://no.wikipedia.org/wiki/Rumi

Advertisements

Balladen om ungen som blei skylt bort med badevatnet.

MIC Norsk musikkinformasjon og Music Export Norway har fusjonert til Music Norway. Eit styre er i sving, og ny dagleg leiar er tilsett. Ut frå dei (få) reaksjonane som har kome fram i media, synest bransjen og artistar å vere vel nøgde.

Rett nok har nokre komponistar ytra uro i høve MIC si notesamling, som no skal til Nasjonalbiblioteket. Dei er redde den nye eigarstrukturen skal føre til mindre marknadsføring og bruk av norskskreve klassisk musikk. Kvifor ein organisasjon som skal marknadsføre og leggje til rette for norsk musikk ikkje skal ha tilgang til dette heilnorske produktet, er ikkje heilt lett å forstå. Kanskje er det ikkje tett nok på regjeringa sin visjon med den nye organisasjonen: å produsere nye stjerner a la Turboneger og Röyksopp i utlandet (Dagbladet 2012).

Eit mykje verre – i alle fall meir akutt – utfall av den nye organiseringa er at ingen lenger kan eller vil ta ansvar for nettavisa Ballade.no. Ballade som fram til i dag har blitt driven av MIC, er ein på alle vis eineståande suksesshistorie på musikkfeltet. På kløktig vis har dei klart å overleve i ein nettpublikasjonsmarknad med temmeleg stor og uforutsigbar turnover, bidra til blest og ordskifte rundt sentrale tema og saker, vere tåleg sjangernøytrale (og dermed ha høg legitimitet i dei fleste av sjangrane) samt å generere interessant og oppheta debatt på nettforumet sitt. Tidvis har dei fungert som regelrett råvareleverandør til større og meir allmenne medium som Aftenposten og NRK (P2). Slik har Ballade i dobbel forstand fungert som eit supplement og korrektiv til korleis musikkfeltet har blitt dekt i breiare medium. Dei har dessutan klart det kunststykket aldri å stivne i forma. Nye journalistar og redaktørar har stadig satt eit preg på innhald og form; kunstsyn har blitt utfordra, roller og makt sett i fokus.

Det er dette som no kjem til å forsvinne. Kulturdepartementet korkje let Ballade.no halde fram som del av den nye organisasjonen Music Norway, eller vil leggje til rette for ein ny eigar (les: hjelpe til med økonomisk støtte), t.d. gjennom ei stifting. Dette er merkeleg, særleg i lys av at regjeringa i ei rekkje andre høve har vist stor motvilje mot å prioritere ned eksisterande kulturinstitusjonar. Kulturpolitisk praksis har vore å gje litt meir til alt. Dermed blir dei kulturpolitiske grepa som faktisk legg ned aktivitet svært synelege. Kva er det Kulturdepartementet har så mykje imot Ballade.no, at dei tillèt dette?

Som kulturforskar vil eg sakne Ballade.no sårt. Både som kjelde til nyheiter frå musikkfeltet og som arena for debatt og fagstoff av ymse slag. I ein elles interessant samanslåing av MIC og MEN, er det utruleg synd at nettopp Ballade.no blir ungen som blir skylt ut med badevatnet.
OKB

Sentrum vs periferi. Igjen…

I lys av seinare tids fokus på kulturarbeidsplassar i distrikts-Noreg er årets tildelingar frå Statens kunstnarstipend interessant lesing. Ein gjennomgang av lista syner på slåande vis kor majoriteten av kunstnarar bur og arbeider i Noreg – i Oslo.

Om ein er det konspiratoriske lunet, kan ein i tillegg spørje om det ikkje er slik at ein uforholdsmessig stor del av arbeidsstipenda òg hamnar her. Dette er jo ikkje noko nytt – kritikken er heller ikkje ny – både forskarar, distriktspolitikarar med kulturinteresse og kunst- og kulturpersonlegdomar frå grisgrendte utkantstrok har på rituelt vis mast om dette i tiår etter tiår. So, here we go again!

Ein rask gjennomgang av tildelingslistene syner nemleg at det i kategorien kunsthandverkarar er like mange mottakarar av fleirårig arbeidsstipend (til både unge og etablerte kunstnarar) med tilhaldsstad i India som med tilhaldsstad i Midt-Noreg (dvs. ein bur i India, ein i Trondheim). På same tid oppgjev 14 av mottakarane at dei held til i Oslo. Ingen kunsthandverkarar nord for Trondheim er gode nok til å få arbeidsstipend. Ein skulle nesten tru det ikkje fanst kunsthandverkarar i dei tre nordlegaste fylka, men det gjer det, for blant dei 35 diversestipenda som er gitt til denne kunstnargruppa gjeng det eitt til Tromsdalen. Det er like mange som til Nederland.

I klassa biletkunstnarar gjer hovudstaden det endå betre. 35 av 45 fleirårige arbeidsstipend går til kunstnarar som fortel at dei bur i det ein kan kalle Stor-Oslo. Ein bur i Trondheim, ingen lenger nord. Derimot held to av mottakarane til i Tyskland – me får håpe dei sender nokre impulsar oppover mot det kalde Nord! Det kan kanskje verke inspirerande for kunstnaren i Kabelvåg som står åleine som representant for nordnorske kunstnarar, med sine tildelte 60 000 i diversestipend. I alt vart det delt ut 66 slike diversestipend, m.a. til ein norske kunstnar i Tyrkia.

Men kva med skjønnlitteratur da? Jau så sanneleg. I kunstnargruppene skjønnlitteratur, barne- og ungdomslitteratur, ny dramatikk og omsetjing, gjeng eitt av 44 arbeidsstipend til Tromsø. Ingen går til det øvrige Nord-Noreg, ingen til Trøndelagsfylka. 32 gjeng til Stor-Oslo. Ja vel, men kva med musikarar, songarar, dirigentar eller komponistar? 18 arbeidsstipend, 15 til Stor-Oslo, ingen til kunstnarar busett nord for Bergen. Skodespelarar og sceneinstruktørar? 22 arbeidsstipend delt ut, og hald deg fast: to til kunstnarar busett i Nord-Noreg! Ingen til Midt-Noreg, 16 til Oslo. Dansekunstnarar? Seks arbeidsstipend. Alle seks til dansarar med bustadadresse Oslo. Fotografar? 13 arbeidsstipend, 10 til Oslo. Ingen nord for Bergen. Film? Sju arbeidsstipend, fire til Oslo. Ingen nord for Dovre. Skjønner? Lyst til å telje sjølv?

Kven burde dette uroe mest? Mange, får me håpe. Men mitt tips er Jonas Gahr Støre. Og kanskje Trond Giske. Den sittande regjeringa si satsing på nordområda har hatt ein tungt symbolsk komponent i form av ei forståing av kva kultur og kulturarbeidarar har å si for ein region. For ikkje å snakke om fokuset på korleis kulturarbeidsplassar skal kunne bli den nye vekstnæringa rundt om i det ganske land. Finnmark fylkeskommune la i 2007 ambisiøst i veg, med målsetjing om å:

…  gi innhold til visjonen om Finnmark som kulturfylke og for å oppnå målsettingen om 500 nye kulturarbeidsplasser i Finnmark innen 2014.

Sjølv om mykje kunst og kultur blir produsert utan støtte frå Statens kunstnarstipend, er det vanskeleg å sjå realismen i desse målsetjingane slik Kunst-Noreg ser ut i 2010. På dette området er nemleg delelinja inga nyheit.

OKB

Ulovleg nedlasting 1

Kva har musikkbransjens reaksjon på framveksten av fildeling med Jan Boklöv å gjere?

I artikkelen Nettet tetter lekkasjen på nettstaden Ballade.no, kan ein lese at opphavsrettsinntekter frå digitalt sal av musikkfiler over internett for fyrste gong utjamnar nedgangen i cd-salet på den britiske musikkmarknaden. Dette er på alle måtar gledeleg sett i lys av dei mange dommedagsprofetiane plate- og opphavsrettsbransjen har kome med dei siste ti åra, og peikar i retning av eit potensielt endra forbruksmønster i retning av lovleg nedlasting. Det interessante no vil vere om teknologi og formatutvikling også vidare gjeng i favør av opphavsrettshavarar og musikkbransje.

Alt tyder på det. Nokon vil sikkert reagere på ein slik spådom og argumentere for at dette veit me ikkje, faren er ikkje over, ulovleg fildeling må nedkjempast uansett (kor lite) omfang osb. Eit perspektiv som har vore lite nytta i denne debatten, er imidlertid i kva grad ny teknologi åleine er eigna som utgangspunkt for å sjå komplekse mønster knytt til t.d. eit så breitt og (for særs mange) viktig felt som konsum av musikk. Forskaren Gustavo S. Azenha ved Columbia University oppfordrar oss i artikkelen The Internet and the Decentralisation of the Popular Music Industry til å i større grad ta omsyn til den breie samfunnskonteksten teknologiutviklinga finn stad i.

Dette peikar, slik eg ser det, i retning av ein litt annan forståing av konsum og forbruksmønster for nedlastbar musikk, der hovudproblemstillinga dreiar frå i kva grad det er teknologisk mogleg å laste ned ulovleg og til i kva grad ein har lovlege, forbrukarvenlege plattformar for kjøp av musikk. For om ein tenkjer etter, kven ser eigentleg for seg tanta Magda laste ned Bjørn Eidsvåg frå Pirate Bay i ein sein nattetime? Tante Magda veit ikkje eingong kva Pirate Bay er! Uansett kva delar av musikkbransjen ynskjer å få oss til å tru, folk er i all hovudsak ærlege og står støtt i ein etikk der forståinga for at ein må betale for eit produkt er ganske einerådande. Sjølv om det er ganske lett å stele sjokolade på butikken, og sjølv om mange gjer dette (og det er ikkje bra!), så gjer dei fleste det ikkje. Dersom nokon kan syne meg forsking som seier at ungdom i dag på generelt nivå er i ferd med å avvike frå dette moralsynet, vil eg svært gjerne sjå det. Tvert om, har nok mange latt seg forvirre av musikkbransjen og musikarorganisasjonane sin (over)reaksjon i høve ulovleg fildeling (jf. Telenor-rettsaka, kampanjar som Piracy Kills Music, Dele ikkje stele, aktiv deltaking i valkampen 2009 osb.)

Måten musikkbransjen har møtt denne utviklinga minnar meg om korleis Noreg som vinteridrettsnasjon møtte V- og skøytestilen i hopp og langrenn: med å rygge inn i ei utvikling alle burde ha sett ikkje var til å stoppe. Resultat: Det var ikkje Noreg som dominerte hopp og ski på denne tida, og i ettertid er vel heller ikkje reaksjonane våre rekna blant dei lysaste augneblinkane i vår lange og elles stolte skihistorie.

Enda verre blir dette om ein vel å lytte til forsking som hevdar at ulovleg nedlasting i liten grad påverkar salet av musikk (Oberholzer-Gee og Strumpf). Då sit ein att med ei situasjon der musikkbransjen har synt og syner seg villige til på same tid ofre etablerte standardar for personvern, henge den vanlege forbrukar ut som potensiell kriminell og freiste å bremse alle dei positive effektane av nedlasting av musikk på Internett (ofte referert til som ei demokratisering av musikkfeltet). Kvifor?

Azenha skriv:

… major labels are currently repositioning themselves in ways that maintain or enhance their gate-keeping powers. The continued importance of traditional formats and media as well as the major labels’ privileged ability to control, utilise and access emerging networks through preferential access to financial, technological and human resources, helps them maintain or enhance their power in the music industry and mitigate the decentralising potential of the Internet.

Om det er som Azenha skriv, at det heile er ledd i ei reorganisering av musikkmarknaden, der tunge aktørar hovudsakleg er opptekne av å oppretthalde si marknadsmakt (og her må eg skyte inn at det jo på alle måtar er legitimt og til og med forståeleg frå deira perspektiv), må fokuset rettast mot politikarar generelt og kulturpolitikarar spesielt. Har dei vore tilstrekkeleg kritiske i si politikkutforming? Kva er deira syn på samanhengen mellom forbrukarmoral og ny teknologi? Eller personvernomsyn i arbeidet med å forfølgje dei som lastar ned ulovleg? Er det på tide å retenke dette feltet?

OKB

Ny blogg om kulturpolitikk

Det kulturpolitiske debattklimaet er i ferd med få et nytt forum med lanseringen av den kulturpolitiske bloggen kulturpolitikk.no. Bloggen skrives og drives av kulturforskere ansatt ved Telemarksforsking. Poenget med kulturpolitikk.no er å ha en arena for meninger og meningsutvekslinger, kommentarer og oppdateringer om kulturpolitikk. Kulturpolitikk er i denne sammenhengen mer enn det den til enhver tid sittende kulturminister måtte foreta seg – det inkluderer også de ulike pengestrømmene i kulturfeltet, kulturtiltak på regionalt og lokalt nivå, medieutvikling og institusjonsutvikling. Med mer.

Vi håper og satser på lesevennlighet og lesevillighet, kommentarvennlighet og kommentarvillighet.