Kunst som drep. Ein kulturpolitisk kommentar til karikaturteikningar.

Karikatur

Karikatur: Carlos Latuff

I fleire karikaturteikningar publisert i etterkant av drapa i Charlie Hebdo sine redaksjonslokale i Paris, i seg sjølv sterke uttrykk for mange teiknekunstnarar sine beiske men rørande tilsvar på udåden, ser ein korleis kulene frå terroristane og drapsmennene sine våpen rikosjetterer og treffer muslimar eller muslimske symbol generelt. Teikningane uttrykker slik at offer for attentatet, i like stor grad som dei tilsette i Charlie Hebdo, er islam sjølv, og at handlinga slik har fått ei rad indirekte og muligvis utilsikta verknadar. Fleire kommentatorar har peikt på at desse effektane dessutan særleg råkar moderate, konstruktive krefter, medan ekstreme, destruktive krefter snarare vinn på hendinga.

Men karikaturteikningar er jo ikkje berre politiske, dei er også kunst. Debatten rundt dei er difor også ein kulturpolitisk debatt. Den er mellom anna ein debatt om i kva grad ein skal kjempe for at kunsten skal vere ein arena, ikkje berre for kritikk, men også for refleksjon og innsikt. Kunsten kan som kjent vere uttrykk for begge, samstundes jamvel på same tid og utan å vere innbyrdes samd med seg sjølv. Bør ein framleis tru på kunsten som ein relevant arena for kompleks kritikk og refleksjon? Karikatur: Carlos Latuff

Kulturpolitisk har ideen om kunsten si rolle som ein moderat, relativt nøytral arena for konstruktiv samfunnsanalyse og -kritikk, og kunstnaren sin rolle som kommentator, lenge stått sterkt, mange stader i verda. Hoffnarren si rolle ved Europeiske kongehus, som den einaste med ein legitim rett til å moderere og justere på den eineveldige kongen sine (ukloke) avgjersler, er kanskje historisk og statsvitskapleg unøyaktig, men lever godt som kulturell myte og heldt dermed stor symbolsk kraft som metafor for kunsten si rolle som ein på same tid ufarleg og farleg samfunnsaktør. Denne mellomrolla, korkje fugl eller fisk, gav immunitet mot kongens vreide, jamvel om harselasen skulle bli for krass. Det er i denne tradisjonen ein kan sjå Charlie Hebdo. Og, ein særs urovekkjande konsekvens av attentatet mot dei, er at denne immuniteten er borte, med tragisk resultat. Sjølvsagt har dette skjedd før og det vil skje igjen. Dessutan er politiske og religiøse fundamentalistar si avvising av kunst og kultur sin djupe humanistiske verdi noko av det som gjer dei ikkje berre særs trugande på oss, men som dessutan gjer handlingane uforståelege for oss. Terrorbomber mot politiske mål kan ein forstå, om enn ikkje forsvare, men å sprenge tusenårige uerstattelege religiøse kulturminner frå ein annan religion enn din eigen, står fram som heilt uforståeleg. Dette er sikkert tilsikta. Kunst og kultur er difor ikkje ei frisone, sjølv om ein gjerne ynskjer det.

Kunst som siviliserande prosjekt får på same måte, bokstaveleg talt, eit skot for baugen med denne og likande handlingar. Me likar å tru at det å lese, sjå eller høyre klassikarane frå kunsten gjer oss menneske opplyste, forståingsfulle og gode. Også dette er det Charlie Hebdo byggjer på, sjølv om dei samstundes er provoserande for mange. Også Ibsen provoserte mange i si samtid, likeins Rumi[1] eller Edward Said. Denne ideen om kunsten som siviliserande kraft, i likskap med vitskap og utdanning, må ein ikkje misse av syne, sjølv om blind tru på kunsten som grunnleggjande og tverrkulturelt god av og til treng å realitetsorienterast. I norsk kulturpolitikk, ikkje minst i norsk utanriks kulturpolitikk, står ideen om kunsten som ein relevant arena for fredeleg mellommenneskeleg forståing og interaksjon og likeins på kunstnaren si rolle som effektive symbolske diplomatar sterkt. Terrordåden i Paris 7. januar gir vatten på mølla til alle med eit kynisk syn på kor effektivt eit slikt syn og politikk er, i møte med totalitære og kulturfiendtlege krefter. Angrepet er slik eit angrep både mot kunsten og kunstnarar og mot all tru på informert, gjennomtenkt og moderat respons. Det kontante og hjerteskjerande svaret karikaturteiknarane sjølv har gitt på dette siste terrorangrepet kan stå som eit symbol nettopp på den krafta som ligg i kunsten til både å provosere og reflektere – samstundes.

OKB

[1] http://no.wikipedia.org/wiki/Rumi

Advertisements

0 Responses to “Kunst som drep. Ein kulturpolitisk kommentar til karikaturteikningar.”



  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s





%d bloggers like this: