Å setje bukken til å passe både andre bukkar og havresekken

Kulturdepartementet evaluerer i desse dagar knutepunktfestivalane. Statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet seier til nettstaden Ballade.no at: ”Denne evalueringen er viktig for å finne ut om vi er på rett kurs, eller om det skal foretas noen justeringer”. Både departementet og statssekretæren er etter vår meining på heilt feil kurs. Prinsipielle forskingspolitiske justeringar må foretas!

For ei stund sidan vart det kjend at kulturprogrammet under VM på ski i Oslo hadde fått sin endelege form og profil. Ikkje som resultat av ein kompetent og uavhengig fagkomité sitt arbeid (som ein skulle tru), men ved at det multinasjonale, kommersielle plateselskapet SONY Music hadde fått programansvaret. Dei bad sjølve om dette, noko også moteskaparane i Moods of Norway gjorde, og arrangøren takka ja. SONY på si side lova å vere snille og også be med seg artistar frå andre plateselskap, både store og små. Kulturredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, reagerte og skreiv i ein kronikk at ei slik samanblanding av roller ikkje kunne sjåast som anna enn uheldig. Ein kan ikkje rekne med at ein tung marknadsaktør som Sony skal bli oppfatta som nøytral, sjølv om dei aldri så mykje held fast at dei også nyttar artistar frå andre plateselskap eller miljø. Ein kunne sagt og skreve mykje om kva ein slik delegering av programmeringsansvar til ein kommersiell marknadsaktør har å si for profilen på programmet. Det skal me ikkje. Det held å si at det er eit klassisk døme på at bukken blir sett til å passe havresekken. Dessutan er vel arrangørane av ski-VM best på å arrangere skirenn. Godt då at ein kan vente meir av offentlege aktørar med omsyn til slik nøytralitet. Kulturdepartementet for eksempel.

Forskingsmessig stringens

Eller kan ein det? I det siste har me igjen fått grunn til å spørje. Då nettavisa Ballade denne veka kunne fortelje korleis departementet sjølv greier ut Knutepunktordninga for festivalar (link her), meldte tvilen seg igjen. Me var skeptiske alt i førre runde, då denne utgreiinga vart sett ut til departementet si eiga administrasjon – me tenkte dette betre kunne ha blitt ivareteke av eit frittståande forskingsmiljø. Det finns fleire av dei, og mange nok til at me ikkje gret for eiga sjuke mor. No ser me at det var rett å vere skeptisk. Framgangsmåten til departementet i denne saka er alt anna enn forskingsmessig stringent. Konkurrerande jazzfestivalar blir bedne om å gi si evaluering av korleis Moldejazz har fungert som knutepunktfestival, samtidig som det opnast for at dei sjølve kan søke om å oppnå knutepunktstatus – både evalueringa og søknaden sendast til departementet, som altså sjølv styrer både evalueringa og eventuelle nye knutepunkttildelingar. I tillegg skal Norsk kulturråd, som blant anna administrerar festivalstøtteordninga, evaluere den kunstnarlege kvaliteten på dei tre utvalde knutepunktfestivalane: Molde jazzfestival, Olavsfestdagane og Grimstad kortfilmfestival. I fjølge statsbudsjettet skal kulturrådet berre evaluere Molde og Olavsfestdagane, medan det i Ballades artikkel også ser ut som om dei skal evaluere Grimstad. Kva som er rett er imidlertid usikkert. Korleis denne delen av evalueringa skal gjennomførast, etter kva kriterium og korleis resultatet skal nyttast, er heller ikkje kjent.

Ryddig prosess?

Statssekretæren seier i intervjuet med Ballade at det heile er en ryddig prosess, og sidan det er så godt samhald og folk er så snille med kvarandre i jazzmiljøet, så forventar dei ærlege evalueringar. Skal ein tru festivalane Ballade har intervjua, meiner dei sjølve dette (i beste fall) er ubehageleg. Kor er det kritiske perspektivet til Kulturdepartementet? Kva hadde avisoverskriftene blitt om BP hadde blitt bedt om å uttale seg om Statoil si stilling på norsk oljesektor, for i same omgang bli bedne om å sjølv søke på (same?) konsesjon? Skulle ein rekne med at BP er snille og unødig trør i bedet til dei gode venene og spanande konkurrentane i Statoil? Om ein eit augeblikk skal tenkje ski-VM igjen, her har Kulturdepartementet smurt seg heilt bort. Kva botnar dette utgreiingsmessige kladdeføret i? Er det mangel på erfaring med forsking og utvikling i eit departement som gjennom mange år har overlete dette til underliggjande direktorat?

OKB/OMH/HS/MTH

Reklamer

0 Responses to “Å setje bukken til å passe både andre bukkar og havresekken”



  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s




Enter your email address to subscribe to this blog and receive notifications of new posts by email.

Bli med 50 andre følgere

Del med andre

Bookmark and Share

Reklamer

%d bloggere like this: