Sentrum vs periferi. Igjen…

I lys av seinare tids fokus på kulturarbeidsplassar i distrikts-Noreg er årets tildelingar frå Statens kunstnarstipend interessant lesing. Ein gjennomgang av lista syner på slåande vis kor majoriteten av kunstnarar bur og arbeider i Noreg – i Oslo.

Om ein er det konspiratoriske lunet, kan ein i tillegg spørje om det ikkje er slik at ein uforholdsmessig stor del av arbeidsstipenda òg hamnar her. Dette er jo ikkje noko nytt – kritikken er heller ikkje ny – både forskarar, distriktspolitikarar med kulturinteresse og kunst- og kulturpersonlegdomar frå grisgrendte utkantstrok har på rituelt vis mast om dette i tiår etter tiår. So, here we go again!

Ein rask gjennomgang av tildelingslistene syner nemleg at det i kategorien kunsthandverkarar er like mange mottakarar av fleirårig arbeidsstipend (til både unge og etablerte kunstnarar) med tilhaldsstad i India som med tilhaldsstad i Midt-Noreg (dvs. ein bur i India, ein i Trondheim). På same tid oppgjev 14 av mottakarane at dei held til i Oslo. Ingen kunsthandverkarar nord for Trondheim er gode nok til å få arbeidsstipend. Ein skulle nesten tru det ikkje fanst kunsthandverkarar i dei tre nordlegaste fylka, men det gjer det, for blant dei 35 diversestipenda som er gitt til denne kunstnargruppa gjeng det eitt til Tromsdalen. Det er like mange som til Nederland.

I klassa biletkunstnarar gjer hovudstaden det endå betre. 35 av 45 fleirårige arbeidsstipend går til kunstnarar som fortel at dei bur i det ein kan kalle Stor-Oslo. Ein bur i Trondheim, ingen lenger nord. Derimot held to av mottakarane til i Tyskland – me får håpe dei sender nokre impulsar oppover mot det kalde Nord! Det kan kanskje verke inspirerande for kunstnaren i Kabelvåg som står åleine som representant for nordnorske kunstnarar, med sine tildelte 60 000 i diversestipend. I alt vart det delt ut 66 slike diversestipend, m.a. til ein norske kunstnar i Tyrkia.

Men kva med skjønnlitteratur da? Jau så sanneleg. I kunstnargruppene skjønnlitteratur, barne- og ungdomslitteratur, ny dramatikk og omsetjing, gjeng eitt av 44 arbeidsstipend til Tromsø. Ingen går til det øvrige Nord-Noreg, ingen til Trøndelagsfylka. 32 gjeng til Stor-Oslo. Ja vel, men kva med musikarar, songarar, dirigentar eller komponistar? 18 arbeidsstipend, 15 til Stor-Oslo, ingen til kunstnarar busett nord for Bergen. Skodespelarar og sceneinstruktørar? 22 arbeidsstipend delt ut, og hald deg fast: to til kunstnarar busett i Nord-Noreg! Ingen til Midt-Noreg, 16 til Oslo. Dansekunstnarar? Seks arbeidsstipend. Alle seks til dansarar med bustadadresse Oslo. Fotografar? 13 arbeidsstipend, 10 til Oslo. Ingen nord for Bergen. Film? Sju arbeidsstipend, fire til Oslo. Ingen nord for Dovre. Skjønner? Lyst til å telje sjølv?

Kven burde dette uroe mest? Mange, får me håpe. Men mitt tips er Jonas Gahr Støre. Og kanskje Trond Giske. Den sittande regjeringa si satsing på nordområda har hatt ein tungt symbolsk komponent i form av ei forståing av kva kultur og kulturarbeidarar har å si for ein region. For ikkje å snakke om fokuset på korleis kulturarbeidsplassar skal kunne bli den nye vekstnæringa rundt om i det ganske land. Finnmark fylkeskommune la i 2007 ambisiøst i veg, med målsetjing om å:

…  gi innhold til visjonen om Finnmark som kulturfylke og for å oppnå målsettingen om 500 nye kulturarbeidsplasser i Finnmark innen 2014.

Sjølv om mykje kunst og kultur blir produsert utan støtte frå Statens kunstnarstipend, er det vanskeleg å sjå realismen i desse målsetjingane slik Kunst-Noreg ser ut i 2010. På dette området er nemleg delelinja inga nyheit.

OKB

Reklamer

0 Responses to “Sentrum vs periferi. Igjen…”



  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s




Enter your email address to subscribe to this blog and receive notifications of new posts by email.

Bli med 50 andre følgere

Del med andre

Bookmark and Share

Reklamer

%d bloggere like this: