by:Larm 1

Telemarksforsking var på by:Larm i helga. Eller, meir presist, nokre av forskarane var det. Kvifor er så bransjetreffet og konsertarrangementet interessant for eit forskingsinstitutt med interesse for og forskingskompetanse på kulturpolitikk? Truleg fordi dette er ein stad der ein får kjensla av at noko viktig skjer i forhold til korleis musikkfeltet konstituerar seg: Hierarki og maktstrukturar produserast, reproduserast og utøvast. Skal ein forstå kva og kvifor den rytmiske delen av musikkfeltet opererer som den gjer, er dette ein fin plass å lære.

Dessutan fekk vi høyre korleis både politikarar og kulturarbeidarar ser på kulturen si (potensielle) tyding for nærings- og stadutvikling. Og, wow: det er vekkelsesluft over landet! Det opna med ein offensiv kulturminister som slo fast at kulturnæringane for tida er den raskast voksande næringa i Europa, og heldt fram med presentasjonar både av Distriktssenteret og paneldiskusjon om eksport av norsk musikk. Optimismen på kulturnæringane sine vegne var både massiv og inspirerande. På den andre sida slår det meg at all denne optimismen og framtidstrua manglar eit fundament. Svært få verkar ha motforestillingar til alle forventingane om korleis kulturen nå både skal erstatte olje og fisk og snu flyttestraumen. For det er vanskelig å finne empirisk grunnlag for at alle sider ved kultur og næring er så løfterike som forventa. M.a. har den danske samfunnsøkonomen Trine Billes (bl.a. tidligare nestleiar i Cultiva) studiar vist at det er store forskjellar på i kva grad kulturnæringane (eller opplevingsindustrien som er det omgrepet ho opererer med) er levedyktige over tid, innanfor rammene av tradisjonelle næringsbetraktningar. Hovudkonklusjonen hennar er dessutan at det kun er deler av denne industrien som er i vekst, i hovudsak ”computerspill, turisme, film og sportsutøvelse. På alle de andre områder synes der ikke at have været nogen væsentlig vækst i løbet af de seneste 10 år”, hevdar Bille. Blant dei andre områda det er snakk om er f. eks. musikkindustri, design, arkitektur, mote og reklame. Dette meiner Bille truleg botnar i at kulturkonsumet i motsetnad til kva mange har trudd ikkje har stege nemneverdig dei siste åra. Ho skriv:

Ser vi på hvordan forbruget af oplevelser rent faktisk har udviklet sig, kan der ikke generelt konstateres den stigning i befolkningens brug af kultur, fritid og oplevelser, som ligger bag meget af fokuseringen på oplevelsesøkonomien. De danske husstandes forbrug til ”oplevelsesøkonomi” har gennemsnitligt udgjort 18-19 pct. af husstandenes samlede forbrug i løbet af de seneste 10 år.

Det er rimeleg å tru at Noreg her ikkje skil seg særleg frå Danmark.

Kvifor dette kalde vatnet i heitt by:Larm-blod? Tja, det ville vere å gjere kulturfeltet (og nærings og kommunal og regionalfeltet) ei bjørneteneste å utelukkande forske på utviklinga med auge for å legitimere den. Konklusjon? I satsinga på kultur og næring er det mykje å gle seg over, men enda meir å vere kritisk til!

OKB

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s




Enter your email address to subscribe to this blog and receive notifications of new posts by email.

Bli med 50 andre følgere

Del med andre

Bookmark and Share

Reklamer

%d bloggere like this: